Seier du det!

Legg seifileter i ein kjele med mjølk så det nesten dekkjer, varm opp og la småkoke til fisken er koka, 5-til 10 minutt.

Av og til gjeng ikkje alt som det skal. Hadde ikkje polentamjøl i huset, måtte bruka polentagryn til polentaen! Vel, det gjekk då på eit vis, godt vart det iallfall. Hadde ikkje klippfisk eller stokkfisk heller, så valet vart sei, eigentleg ikkje uvanleg i Frankrike til dømes.

Seien får småkoke medan polentaen blir kokt, dvs polentagryna i dag. Ca ein halvtime under røring burde halda bra. Seien er nesten ferdig.
Polentaen er ferdig, og fisken med to koka poteter og eit par skrelte rå hvitløkkløfter er køyrt i miksar, eg liker dei betre rå enn kokt. Så smakt til med salt, dette er jo fersk sei, ikkje klipp- eller stokkfisk.
Litt god jomfruolje blir blanda i brandaden til slutt.
Polentaen får ein god klatt smør, og godt med revet parmesan.

Så enkelt vart det, polentaen til høgre, og brandaden til venstre. Ein liten spegel av Taggiascaolje frå naboregionen Liguria gjorde seg. Mat frå Provence og litt Liguria kan vi jo seia.

Print Friendly, PDF & Email