Flesk frå Vinje, med tysk sauerkraut

Flesk grillesFlesk åt eg lite før eg kom til Bø i 1961, frå heimbyen min Oslo. Me hadde flesk og duppe då eg var til sjøss, men at sprøstekt flesk skulle vere så godt, hadde eg ikkje drøymt om.
Idag prøver me einerrøykt flesk frå Vinje slakteri i Våmartveit. Betre flesk enn på biletet over skal det godt gjerast å finne. Så våre to favorittar på flesk idag, er Vinje slakteri, og Edlande Kjøtt på Haukeli.

SauerkrautTil det grilla flesket servera me tysk sauerkraut frå boks, som du kan kjøpe i gode daglegvareforretningar. Me har smaksett den med sjalottlauk i skivar, og einerbær. Så får kålen koke ein 15 minutts tid. Set gjerne til litt vatn.

Flesk på grillenFlesket begynner å få farge, ein kvist rosmarin er lagt i, og fettet siv ut av flesket. Det er på veg til å bli sprøtt! Me gler oss!

BasilikumfettGrovhakk godt med basilikum, det skal smaksetje det gode fettet. Me har bruka vanleg basilikum og sitronbasilikum.

Flesk og fettFlesket er ferdig stekt, basilikum er lagt i fettet, og jordepla er klare. Så no er bordet neste!

Grilla flesk med sauerkaraut

Flesk tallerken

Dette ser vel ikkje vondt ut! Og til flesket servera me eit godt glas kveiteøl frå Tyskland; Franziskaner øl. Og sprøtt og godt vart flesket. Så dette må me gjere oftare. Med flesk frå Vinje slakteri eller frå Edland Kjøtt. To gode lokalmatrepresentantar frå Telemark.

Ingrediensar:
einerrøykt flesk
1 boks sauerkraut
jordeple (poteter)
2 sjalottlauk
8-10 einerbær
basilikum til fettet

Slik gjer du:

Deil opp flesket i skivar. Grill i langpanne til flesket er sprøtt. Grovhakk basilikum og legg det i fettet tilslutt. Kok sauerkrauten ein 15 minutts tid med einerbær og sjalottlauk i skivar. Kok jordepla, og legg opp som på biletet.

Print Friendly, PDF & Email